Kommunesamanslåing/struktur
Kommunesamanslåing har vore ei svært aktuell sak i Sogn og Fjordane og i vårt dekningsområde i 2015. Sidan vi skriv om mange kommunar, har det blitt mange redaksjonelle artiklar frå dei ulike kommunane etter kvart som prosessen har gått fram. Dette er også av sakene som er blitt mest publisert på debattplass. Det vert folkerøysting om kommunesamanlåing i mange kommunar 4. april 2016.
http://www.firda.no/nyheiter/kommunestruktur/politikk/storkommunen-er-dod/s/5-15-102880
http://www.firda.no/nyheiter/jolster/kommunereform/ho-opnar-for-at-nedre-jolster-kan-ga-til-forde/s/5-15-122619
http://www.firda.no/nyheiter/politikk/val2015/ingen-av-dei-har-tru-pa-flora-forde/s/5-15-110242
http://www.firda.no/nyheiter/askvoll/politikk/alternativa-er-i-ferd-med-a-smuldre-vekk/s/5-15-138301
Gruvedrift på Engebø i Naustdal
Nordic Mining har planlagt gruvedrift i Engebø-fjellet, og restmassane som ikkje kan nyttast skal dumpast i Førdefjorden. Dette er ei sak som har pågått i mange år, men i 2015 gjekk saka gjennom i regjeringa, og Nordic Mining har fått klarlsignal. Firda har skrive mykje om denne saka gjennom fleire år, og også denne saka er flittig debattert i Firda.
http://www.firda.no/natur-og-miljo/naturfare/nordic-mining/du-verdas-beste-sa-sott-det-smakte/s/5-15-53124
http://www.firda.no/gruveprosjekt/politikk/natur-og-miljo/fleire-hundre-sa-nei-til-fjorddumping/s/5-15-65482
http://www.firda.no/slik-sag-det-ut-tre-ar-etter-sjodeponiet/s/5-15-33474
http://www.firda.no/industri/natur-og-miljo/gruveprosjekt/meiner-engebo-maling-ma-fa-konsekvensar/s/5-15-41163
Sal av Fjord1-aksjar:
Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok hausten 2015 å selje sine aksjar i Fjord1. Dette var eit omstridd vedtak, som vart avgjort med knappast mogeleg margin i fylkestinget. Firda var kritisk til prosessen som førte til salet, om fylkestinget hadde god nok tid til å avgjere ei så viktig sak. Vi var også kritiske til at mange av dokumenta i saka var heldne unna offentlegheita – at vi ikkje fekk innsyn i dei.
http://www.firda.no/nyheiter/fylkeskommunen/fjord1/fylket-far-over-ein-milliard-for-fjord1/s/5-15-133477
http://www.firda.no/nyheiter/politikk/fjord1/kloyvd-fylkesting-om-fjord1/s/5-15-136342
http://www.firda.no/synspunkt/fjord1/politikk/stormfull-salsprosess/o/5-15-147099
Asylpolitikk
Den dramatiske situasjonen i Syria vedkjem også oss i Sunnfjord. Det vart i 2015 oppretta fleire asylmottak i vårt område.Det har vore mykje lokal diskusjon i høve til plassering av mottaka. Mellom anna var det fleire mindre hotell fleire stadar, som vart føreslåtte som mottak. Om dette vart gjennomført, frykta fleire at dei skulle miste den lokale staden ein hadde brukt som møteplass og til ulike arrangement. Andre frykta igjen at det vart for mange asylsøkjarar i forhold til dei som budde der frå før, samt om dei kunne klare å få til eit godt nok tilbod til asylsøkarane. Vi har også hatt reportasjar om folk som har vore til Hellas for å hjelpe dei som er på flukt.
Asbjørg som forsvann
Asbjørg Underlid forsvann utanfor heimen sine i Naustdal 16. september 2001. Sidan har ingen sett henne.
http://www.firda.no/naustdal/nyheiter/asbjorg-88-forsvann-16-september-2001-sidan-har-ingen-sett-henne/s/5-15-28998