Mål: Me skal verta landets beste lokalavis.
Mediehuset Sunnhordland skal vera den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i Sunnhordland, og særleg i våre primære kommunar Stord og Fitjar. Me skal vera tydelege på prioriteringar av kva me meiner er viktige og mindre viktige saker. Skal følgje folk frå vogge til grav. Og ikkje minst: Me skal vera lim og lupe i lokalsamfunnet, slik lokalaviser skal vera.
- Me vil skapa innhald både på print og nett som folk i denne regionen ikkje kan klara seg utan.
- Me har stort fokus på korleis me fortel historiene me formidlar, og korleis dei blir presentert. Me skal ha tydeleg prioritering av stoffet. Og me er like mykje opptekne av dei små og mjuke sakene som dei store og tunge.
- I mai 2013 gjekk me over til å ta betalt digitalt, og me auka frekvensen på publisering av saker. Trass i dette, har trafikken gått opp, jamt og trutt. Me er aktive på sosiale medium, og 2015 vart eit merkeår digitalt, ved at me for første gong hadde direkte-sendingar frå Stord sine handballkampar, og me lanserte valmagasin i høve lokalvalet. Me har generelt eit fokus på å laga fleire og ikkje minst betre videoar.
- Me utviklar stadig vår nettside og mobilversjon, for å gje brukarane ei betre oppleving.
- Me har gjennom året eksperimentert litt, og laga fleire digitale kart. Døme: Den store kvigejakta, med eit kart kor ein kunne følgja «rømlingen», og ein stor guide over kunst i det offentlege rom.
- Nyvinning: Live-feed på valnatta, mykje godt innhald digitalt, med alt frå korte kommentarar på video, analysar og siste nytt. Gav trafikkrekord.
- Den finaste heimen: Saman med lesarane kåra me Sunnhordlands finaste heim. Gav gode reportasjar papir/digitalt, og førte til mykje engasjement, og mange som røysta.
- Prisar: Me har så langt for heider for to reportasjar: Minidokumentaren «Tomrommet», papir og nett-tv, om ei mor som mista sonen i ei trafikkulukke, og reportasjen «Slaget om ekteskapet».

Slaget om ekteskapet
http://www.sunnhordland.no/article/20151016/REPORTASJE/151019876
Den største utfordringa var å få folk i tale.
Det er få saker som engasjerer like mykje som sex i vårt område. Kombinerer ein dette med kyrkja, får ein rein dynamitt, noko som også har vist igjen i lesarbrevspaltene våre i mange år. Hausten 2015 var ei viktig tid for spørsmålet om kor vidt likekjønna par skal få gifta seg i kyrkja. Samstundes som det blei valt nye styre som skal fatta avgjerder om spørsmålet, byrja nyvalde sokneråd rundt om i landet (som strengt tatt ikkje er dei som bestemmer dette) å stilla spørsmål ved kor vidt dei sjølv kunne hindra at ei regelendring fekk innverknad lokalt.
Med denne bakgrunnen valde me å stilla spørsmålet om homofil og lesbisk ekteskapsinngåing i kyrkja til alle dei 24 nyvalde soknerådsmedlemmene både i Fitjar og Stord kommune. Me fekk også alle dei seks prestane på øya i tale, og fekk presentert for lesarane kven som meinte kva. Resultatet gav ny aktualitet til reportasjen, då det viste seg at det berre var ein av prestane som var villig til å via lesbiske og homofile, uavhengig av kva kyrkja opna for.
Sidan dette er eit tema med sterke kjensler, men ofte svakt faktagrunnlag i debatten, valde me å bruka ein del tid og plass på ei rekke faktaboksar som kunne belysa saka frå fleire sider.
Den største utfordringa var å få folk i tale. I starten var det dei færraste som ville seia noko som helst, og dei var heller ikkje villige til å svara på eit enkelt (men tydelegvis vanskeleg) ja/nei-spørsmål. Etter godt kjeldearbeid, fekk me likevel ein heil del personar til å stilla opp, både med sitat og bilete, slik at me fekk presentert reportasjen på ein god måte, med mykje relevant innhald. I dette arbeidet var det særleg viktig for oss å få fram variasjonen blant dei aktuelle personane, noko som viste seg å gje resultat, då me fekk fram at dei yngste faktisk var dei mest konservative, stikk i strid med kva mange truleg forventa.

Tomrommet
http://www.sunnhordland.no/article/20151224/REPORTASJE/151229918
28. februar 2013 omkom Dave og Anja Gardien, etter å ha køyrd av vegen ved Ådland bru på Stord. I etterkant av ulukka prøvde me å få kontakt med andre som har opplevd liknande tragediar. Me sende ei melding til Tone Innvær, som mista sonen i ei trafikkulukke i same området vel to år tidlegare. Det blei ikkje noko sak den gongen, men halvtanna år seinare – hausten 2014 – fekk me kontakt, og avtalte å møtast for å snakka om ulukka, og ikkje minst livet etterpå.
Medan me jobba med stoffet, som etter planen skulle vera del av ein større reportasjeserie, dukka det opp nye moment, som gjorde at saka blei utsett. Før jul 2014 skreiv VG om Statens vegvesen sine ulukkesanalysegrupper (UAG), som fram til då hadde halde rapportane sine hemmelege. Desse rapportane tek føre seg kva årsaker som kan ha medverka til ulukkene, og var meint til intern bruk. Då VG fekk innsyn i rapportane, viste det seg at ulukka der Magnus Innvær Pedersen mista livet var ei av ulukkene der tilstanden på vegen kunne vera ein medverkande faktor.
Som ein følgje av dette, blei Sunnhordland med Tone Innvær til Stord lensmannskontor for å gå gjennom det som var av dokumentasjon frå ulukka. Me bad i tillegg om innsyn i den aktuelle UAG-rapporten frå ulukka. Dersom det viste seg at den hemmelege rapporten gav heilt nye svar til kvifor Magnus mista kontroll over bilen, ville det sjølvsagt vera ei god sak for oss.
Då me fekk innsyn i dei aktuelle dokumenta, viste det seg at det var lite nytt. Sjølv om tilstanden på vegen kan ha vore medverkande, var det ikkje rekna som ein avgjerande faktor. Derimot var det ei rekke omsyn som truleg har spelt inn då ulukka skjedde, og inga eintydig forklaring. Dermed var det heller ikkje ei aktuell nyhendesak for oss, og saka blei inntil vidare lagt på vent.
I september var det fem år sidan ulukka, og ein slags milepåle for dei pårørande. Historia var den same som før, men med ein ny inngang. Me har også kartlagt alle andre trafikkulukker med dødeleg utfall i vårt dekningsområde dei siste ti åra. Resultatet blei ein reportasje på ni sider i avisa, og ein minidokumentar på nett.

Mann for sin hatt
http://www.sunnhordland.no/article/20151016/FREDAGSPRATEN/151019842
Mellom dei tunge og grundige reportasjane, må det også vera rom for dei enkle, gode intervjua. Då bygdeoriginalen Severin Eskeland fylde 80 år, nytta me høvet til å snakka om gamle og nye sprell med ein av dei største karakterane i lokalsamfunnet gjennom mange tiår.
Alt om valet
Me fekk ein skikkeleg opptur på valnatta, med enorm aktivitet, men me gjorde også ein omfattande jobb i forkant med å presentera valet på Sunnhordland.no. Eg tenker då på samlesidene for Stord og Fitjar, med undersider for kvart enkelt parti som stilte til val.
Samlesidene finn du her (Stord): http://www.sunnhordland.no/article/20150827/NYHENDE/150829803
Og her (Fitjar): http://www.sunnhordland.no/article/20150827/NYHENDE/150829734
Her er døme på korleis kvar enkelt partiside ser ut, og kva informasjon som ligg der: http://www.sunnhordland.no/article/20150801/NYHENDE/150829812
I tillegg til at me her gav lesarane grundig historikk og informasjon om alle listene som stilte til val, gav me på samlesidene ei inngåande, men forhåpentlegvis relativt lettfatteleg, innføring i dei aller fleste sider ved valet. Alt frå kjønn, alder og adresse på kandidatane, til kva som er dei store stridsspørsmåla, og kven som meiner kva. I tillegg presenterte me kva parti som gjekk ut, og kva nye parti som stilte liste. Her blei enorme mengder informasjon systematisert og presentert. For dei mest interesserte laga med meir djuptgåande artiklar om kvart av desse temaa, som var linka til frå samlesidene.
Så vidt me veit, er det ingen andre aviser som har gjort noko tilsvarande på nett, nokon gong, om me ser på omfanget og detaljrikdommen.
I presentasjonen har me forresten nytta oss av enkle, gratis verktøy, for at journalisten sjølv skulle klara å presentera innhaldet på eiga hand. Det resulterte mellom anna i ei rekke grafikkar, som er med og krydrar pakken.
Ei utfordring til slutt: Halve redaksjonen i pappaperm i løpet av året ☺