Fjordabladet

I juni 1874 kom Fjordenes Blad, seinare Fjordabladet (1920), ut med sitt første nummer. Fjordabladet er den eldste avisa i Sogn og Fjordane. Avisa har heilt sidan den kom ut med første utgåve, bortsett frå ein periode under andre verdskrig (1941 til 1945), kome ut. Fram til juni 2015 hadde Sunnmørsposten 44 prosent av aksjane i Fjordtrykk, eigarselskapet av Fjordabaldet. Etter juni 2015 har Sunnmørsposten 57 prosent av aksjane i eigarselskapet, og er med det blitt ein majoritetseigar. I dag har Fjordabladet 25458 abonnentar på papir og rundt 80 på e-avis. I tillegg har avisa ei nettside, fjordabladet.no og mobilløysing som blir oppdatert. Primærområdet for avisa er Eid kommune. I tillegg har avisa abonnentar i Vågsøy, Selje, Bremanger, Hornindal og Stryn. 16,9 prosent av dei betalande abonnentane bur utanfor Sogn og Fjordane.

Fakta
Samlet opplag - Les mer 2458
Ikon
Utgiversted Nordfjordeid
Ansvarlig redaktør Odd Tormod Flatebø (64)
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
8000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
1400
Fordeling lesere
Antall sider produsert 2776
Redaksjonelle årsverk 5
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 139
Antall kommentarer 7
Antall innlegg på nett 10
Antall leserinnlegg 556

Mål og prioriteringer

Mål og prioriteringar: Fjordabladet har vore i Sunnmørsposten konsern (Polaris) i eitt halvt år. Avisa har vore gjennom store omstillingar for eiga maskin med ny nettside og omlegging til malproduksjon i 2014 og 2015. Etter at Sunnmørsposten vart majoritetseigar skal vi gjennom nye store omstillingar. Eg finn det difor rett å ikkje ta nokon gjennomgang på mål og prioriteringar på det noverande tidspunkt.

Legg til i min rapport

Avisens samfunnsrolle

Fjordabladet har heile tida vore oppteken av å formidle det viktigaste som skjer i lokalsamfunnet. Dette gjeld innanfor generelle nyhende, politikk, kultur, idrett/sport og folkeliv. Avisa er opptatt av folk sine demokratiske rettar og mogelegheita til å vere med å påverke. Difor har det vore viktig å følgje dei politiske prosessane av saker frå dei blir lagt fram frå kommuneadministrasjon til  politisk handsaming i utval, formannskap og til slutt endeleg avgjerd i kommunestyret. Mange saker har fått andre utfall enn tilrådd, nettopp på grunn av at folk har vore aktive i den politiske debatten som lokalavisa har lagt opp til.

Næringsliv og lokal og regional utvikling har vore eit heilt sentrale område å jobbe intensivt og tett med.

I vårt område har organisering av spesialisthelsetenesta vore eit sentralt tema i mange år. Slik også i 2015, sjølv om debatten dette året har handla meir om tilbodet i andre kommunar og føretak. Men også denne debatten er viktig av fleire grunnar, og debatten har til tider gått livleg føre seg blant ulike interessegrupper i samfunnet.

På same måt som debatten rundt spesialisthelsetenesta har det også vore, og er, debatt rundt samferdsle. Debatten har handla om alt frå opprusting av stamvegnett, til kamp om prioritering og lokalisering av ferjefri kryssing av fjordar. Dette er ein tema som avisa har brukt mykje tid og spalteplass på.

Kommunevalet hausten 2015 var imøtesett med spenning. Fjordabladet brukte mykje tid og ressursar på lokalvalet. Som ved tidlegare val, gjennomførte avisa to store meiningsmålingar. Ei i april og ein ei veke før valet. Desse målingane har det vore veldig stor interesse rundt, fordi dei har vist seg å vere veldig pålitelege fordi vi i ein liten kommune har spurt mange om kva dei ville røysta. Slik vart det også denne gongen. Den siste målinga, som vart utført av Norfakta Markedsanalyse, var også denne gongen tett opp til det som vart valresultatet.

I tillegg til det som allereie er nemnt så har Fjordabladet gjennom mange år brukt bra med ressursar på å dekke det som skjer innanfor kulturlivet på ein god måte. Eid kommune er så heldige å ha eige operahus og med det også Opera Nordfjord. Opera Nordfjord er ei viktig brikke i kulturlivet, utanfor det som har direkte med Opera Nordfjord å gjere. Ei anna viktig årleg hending er Malakoff Rockfestival som årleg samlar over 20.000 festivaldeltakarar. Det er mykje for ein kommunen som har 6000 innbyggarar. Fjordabladet har gjennom dei 15 åra rockfestivalen har blitt arrangert, produsert ei eiga festivalavis.

Avisa si samfunnsrolle er å vere nummer ein på informasjon og nyhende i lokalsamfunnet. Samstundes som avisa er vaktbikkje, er den også ein viktig medspelar for vekst og utvikling.

Legg til i min rapport

Etikk

Avisa har ikkje hatt saker for PFU i 2015.

Legg til i min rapport

Journalistfaglig utvikling

Legg til i min rapport