Fjordenes Tidende

Fjordenes Tidende var 105 år i 2015. Lokalavisa som dekker delvis fem kommunar i ytre Nordfjord har ein veldig sterk posisjon både på papir og på nett. I mai 2015 endra vi frekvens på papirutgåva/e-avisa frå tre til to dagar i veka, og gjorde ein del grep for å å få endå sterkare digitalt fokus. Samstundes endra vi papiravisa og lagar meir reportasjar og personsaker.

 



Fakta
Samlet opplag - Les mer 4566
Ikon
Utgiversted Måløy i Sogn og Fjordane
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Eling Wåge (57)
Kommer ut Tysdag og fredag.
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
14000
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
3000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
5000
Fordeling lesere
Antall sider produsert 3900
Redaksjonelle årsverk 6
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 118
Antall kommentarer 10
Antall innlegg på nett 80
Antall leserinnlegg 350
Klagesaker til PFU 0

Mål og prioriteringar

Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker. Vi skal følgje folk frå vogge til grav.
Vi skal vere til å stole på, nær, fri og uavhengig, aktuell og engasjerande.
Vi skal vere den viktigaste formidlar av nyhende og historier om det som skjer og personar som har hjarta sitt i regionen.

Endra frekvens og publikasjonsstrategi

Fram til 12. mai 2015 kom Fjordenes Tidende ut måndag, onsdag og fredag med papir- og e-avis. Etter denne datoen endra vi frekvens og avisa kom ut med papir- og e-avis tysdag og fredag. Samstundes så innførte vi pluss-løysing på nett. Etter den tid har rundt 20 prosent av nettsakene vore for dei som er abonnentar. Resten av sakene er opne. Samstundes fekk alle abonnentar tilgang til e-avisa. Denne r tilgjengeleg kvelden før klokka 21.00.
Vi har også etablert eit eige Fjordenes Tidende Ung-abonnement for dei under 33 år. Dette er eit sterkt rabattert digitalt abonnement for å lokke med unge lesarar.Etter denne omlegginga i mai 2015 har vi lagt ut fleire saker på nett.

  • Vi endra layout på papiravisa og innførte fleire nye faste element i samband med omlegginga.
  • Vi har også satsa meir på tema og personlege reportasjar der vi går djupare inn i ulike tema. I rapporten legg eg ved nokre eksempel på det.
  • Vi lova lesarane våre å lage like mykje journalistikk etter omlegginga. Og det heldt vi i 2015. Vi har laga same sidetal på papiravisa med to dagar i veka som med tre dagar. Og vi har laga fleire nettsaker per dag.
  • Responsen etter omlegginga har stort sett vore positiv. Vi brukte mykje tid på å informere om endringane i forkant.

Ulike saker i 2015

Tunnelbrann Skatestraumen

Dødsulukke-tenåringar i sjøen-15-11

Lefdal datasenter-nyheit

Kyrkjebrann i Måløy

Berga livlaus mann

Planlegger stort datasenter i nedlagte gruver

Ein av norges beste rockefestivalar

Fem generasjoner samlet på ett brett

Tar saken i egne hender

Passer barna slik at mødrene kan trene

Reportasjar – tema

Har snudd livet opp ned - møte med tidligere rusmisbruker

Flåttbittet som endret alt - serie om kronisk borreliose

Fant styrke til å overvinne bulimien - serie om spiseforstyrrelse

Møter utfordringene på sosiale medier - serie om ungdom og sosiale media

Ildsjeler både til lands og til vanns - serie om Røde Kors

Dei skuleflinke-reportasje om elevar

Teikneserie-sak

Pilene peker til topps – fjelltrimreportasje

Livet i det aller helligste - reportasje fra lokalt kloster

Krigens ansikter-reportasje om folk som har opplevd krig

La til kai for siste gang - reportasje om bokbåten

Årets ti mest leste saker på nett

Her mangler de politibil
Ber folk holde øynene åpne
Vil ha hjelp fra publikum
To ungdommer meldt savnet
Takker trenerne for at han er i live
Her får du alle valgresultatene
Blodbanken var tom for datterens blodtype
Saudestirens år
Dette møtte politiet på åstedet
Hoppa i sjøen og berga livlaus mann
Flåttbittet som endret alt

Årets mest sette videoer

Sjekk dei enorme bølgjene
To funnet omkomne
Bergsikring på Raudeberg
Torbas dåp
Orkanen herja på fjorden
Stormande julaftan på kysten
Den store dåpsfesten
Grytedans Frelsesarmeen

Legg til i min rapport

Avisens samfunnsrolle

Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom, pluss at vi skal la folk som har meiningar om samfunnsutvikling få sleppe til. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.
Vi skal sette viktige saker på dagsorden, og vere eit talerøyr for folket.

Endringar i næringsstruktur

Endringar i næringsstruktur og næringsliv i regionen har vore viktige saker også i 2015. Mange bedrifter er inne i store omstillingsprosessar, og det har ført til mange nye bedrifter samstundes som tradisjonelle bedrifter har blitt lagt ned. Mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi på grunn av auka kostnader, og auka krav til kvalitet på offentlege tenester og offentlege tilbod. Det har ført til stort folkeleg engasjement og debatt i spaltene både på nett og print om kva tilbod kommunane skal levere. Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulen.

Organisering av helsevesenet

Organisering av helsevesenet i samband med nedbygging av Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentral. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-stasjonering og organisering av lokale legevaktordningar.
Striden rundt Volda sjukehus og spørsmålet kva slag akutt-tilbod dei skal ha har skapt stort engasjement i vårt område då mange har nytta Volda sjukehus.

Kommune- og fylkestingsvalet

Kommune- og fylkestingsvalet hausten 2015 har i stor grad prega Fjordenes Tidende på papir og nett. Vår oppgåve er å sette viktige saker på dagsorden, og at innbyggjarane skal få best mogeleg innsikt i kva dei ulike paria vil prioritere. Vårt mål rundt valet har vore å prøve å skape engasjement, og få flest muleg til å bry seg og flest mogleg til å røyste.

I fleire av kommunane vi dekker vart det ei særdeles spennande konstituering rundt val av ordførar og sentrale verv. Spesielt i Vågsøy, Bremanger og Selje kommunar skjedde det mykje når partia forhandla om viktige verv.

I år hadde vi eit nytt tilbod på nett som vart mykje nytta. «Kandulove» var ein ny nettportal som vi samarbeidde med fleire andre aviser i Sunnmørsposten konsern om. Her kunne alle som ville stille spørsmål til toppkandidatane i sin kommune om saker dei var opptekne av. Mange politikarar var aktive her og svara kva dei ville prioritere. Denne tenesta vart mykje nytta, og vi laga mykje journalistikk på dette.

Endring av politidistrikt

Endring av politidistrikt og lensmannskontor har vore mykje omtalt både på nett og papir.

Samferdsle

Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema. Debatt rundt bygging av verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel, har også i dette året skapt mykje engasjement. Det er også ein stadig debatt om behovet for ny og større ferje og fleire avgangar på ferjesambandet som fram til sommaren 2015 hadde størst vekst i Sogn og Fjordane, sambandet mellom Måløy og Oldeide.
På grunn av ein større brann i Skatestraumtunnelen 15. juli 2015, så vart denne stengd i fleire månader medan reparasjonsarbeidet i tunnelen skjedde.

Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. Det har kome ein ny bussoperatør, Firda Billag, som i 2014 overtok mange lokalruter for Nettbuss. Det har og vore stor debatt og engasjement rundt sjukehusbussen som kvar dag køyrer mellom Nordfjord og sjukehuset i Førde.

Krigsmarkering

 

Måløy var ein av tre byar i Norge som var plukka ut til ei nasjonal markering av at det i 2015 var 75 år sidan 2. verdskrig starta og 70 år sidan det vart fred. Måløyraidet i desember 1943 hadde ein sentral plass i markeringa.

Nytt datasenter i fjell

Eit nytt og spennande næringsprosjekt i vår region er etablering av eit stort datasenter i dei nedlagde Olivin-gruvene i Lefdal i Eid kommune. Dette enorme prosjektet er eit resultat av seks år med planlegging rundt det såkalla Måløy-miljøet. I 2015 vart det bestemt å starte bygging av Lefdal Mine Datacenter. Innovasjon Norge er inne å delfinansierer, og takka vere god støtte frå lokale bankar så er prosjektet starta. Datasenteret skal opererast og drivast av kundane og bedrifta LocalHost i Måløy. Dette forventar ein vil skape nye arbeidsplassar.

Kraftlinjestrid

Striden om kvar den nye kraftlinja skal gå gjennom fylket har ført til stort engasjement også i 2015. Spesielt i Bremanger og i Ålfoten. Her har grunneigarane vore sterkt usamde, og det var to rettssaker som følgje av striden.

Bygging av ny ungdomsskule

Ei sak som har skapt stort engasjement i Vågsøy kommune er kva som skal skje med den gamle ungdomsskulen i Måløy. Kommunen har fått ei rekke pålegg, og spørsmålet har vore om ein skal byggje ein ny der den ligg i Måløy eller om ein skal renovere denne. Andre har jobba for å få bygd ein ny ungdomsskule på Tennebø. Dette vart ei varm sak i valkampen der det mellom anna vart arrangert fakkeltog, underskriftsaksjonar og mange ytringar både på nett og papir.

Brann i undersjøisk tunnel

Ei av dei større sakene vi dekka var ein dramatisk brann i Skatestraumtunnelen i Bremanger 15. juli. Ein tilhengar med 16.500 liter bensin eksploderte inne i tunnelen. Til alt hell vart ingen personar alvorleg skadde. Føraren av vogntoget fekk mange lovord for måten han handla på inne ti tunnelen som raskt vart fylt med tjukk svart røyk. I ettertid har det vore stort fokus på tryggleik i tunnelar.

Tragisk dødsulukke

Ei vanskeleg sak som skjedde i starten av november var ei tragisk bilulukke der to tenåringar hamna i sjøen og omkom i Selje kommune. Dei to var elevar ved Måløy vidaregåande skule og var frå Flora kommune. Ulukka rørte mange og gjorde eit stort inntrykk.

Ville legge ned statleg kontor

I 2015 kom ei arbeidsgruppe i Fiskeridirektoratet med forslag om å legge ned direktoratet sitt kontor. 21 tilsette ved kontoret risikerte å miste arbeidsplassane sine. Dette skapte stort engasjement. Og til slutt så konkluderte fiskeriministeren at kontoret i Måløy skulle få bestå.

Kulturlivet

Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette.

Legg til i min rapport

Journalistfaglig utvikling

Vi har hatt interne kurs og utviklingsmøte. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene.

Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere mot kvarandre.

Etikk

Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Vi har opna for debatt via Facebook på 50 prosent av sakene vi publiserer på nett og opplever at når ytraren er kjent så blir det stort sett ein ryddig og konstruktiv debatt. Kommentarane er stort sett saklege og ryddige.

I 2015 var vi ikkje klaga inn for Pressens faglege Utval (PFU).

Erling Wåge

Ansvarleg redaktør

Legg til i min rapport