Fjordingen

Fjordingen sin redaksjon har i 2015 bestått av fem faste journalistar i tillegg til ansvarleg redaktør/dagleg leiar som og er skrivande. Alle er fotograferande, og alle har og ansvar for avisa si nettside. 1,9 årsverk typografar fordelt på tre personar står for annonseproduksjon, ferdiggjering av redaksjonelle sider og sending til trykkeri. Avisa gir gjennom året ut fire tematiske ekstraaviser i tillegg til ordinær avis. Avisa har eigen lokalradio, Radio Stryn, som vert driven med om lag eit halvt årsverk.

 

 



Fakta
Samlet opplag - Les mer 3797
Ikon
Utgiversted Stryn
Ansvarlig redaktør Bengt Flaten (50)
Kommer ut Kjem ut tysdag og fredag (fram til 12. mai måndag-onsdag-fredag)
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
11000
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
2000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
3000
Fordeling lesere
Antall sider produsert 2935
Redaksjonelle årsverk 6
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 115
Antall leserinnlegg 690

Mål og prioriteringar:

• Frå mai 2015 endra Fjordingen utgjevarfrekvens for papiravisa frå tre til to utgåver i veka. Samtidig vart e-avis og Pluss-saker på nett inkludert i abonnementet for totalkundane våre.
• Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer.
• Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.
• Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.
• Papiravisa er hovudproduktet for Fjordingen. Nettavisa vert stadig viktigare og gjer oss i stand til å konkurrere på raske nyhende mellom papirutgåvene. Fjordingen tilbyr og papiravisa i fullverdig elektronisk versjon.
• Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, litt ekstra smågodt i kvardagen.

Mest leste nettsaker

Den desidert mest leste nettsaka vår i fjor var ein mediekritisk leiarartikkel etter påståtte valdtektar på Nordfjordeid. Leiaren gjekk til solid "all time high" nokon sinne med over 33.000 unike lesarar første publiseringsdag.

Å trø varsomt - 36.656 visningar
Skatt – fjordingen.no - 13.196 visningar
Sjå bildeserien frå paraden - 9.657 visningar
Kraftige bølgjer Grodås bryggje - 9.069 visningar
Ribbåt-føraren erklært omkomen - 8.773 visningar
Sjå valresultata frå Stryn - 8.145 visningar
Stupte ned og henta den skadde - 7.261 visningar
Mariell (14) møtte ulv - 7.180 visningar
Gravemaskina framme på Hoven - 6.776 visningar
Endeleg kom sommarvarmen - 6.746 visningar
Løyste innbrotsraid på første praksisdag - 6.565 visningar

Anna:

Fjordingen webcamera - 72.776 visningar
Fjuken.no - 14.997 visningar
Fjordingen pluss - 8.317 visningar

Video Fjordingen 2015

Gudvalds julekalender:

Episode 1

Episode 9

Episode 24

Annan bruk av video:

 

Hendingsfilmar som t.d. Vassendgutane på Strynemessa og hornindalsordføraren si  tale under fakkelaksjonen ved Volda sjukehus.

Lesarvideoar som denne med den merka tranekyllingen som var tydeleg plaga.

Historiske filmar som denne frå Vegvesenet om opninga av Strynefjellsvegen.

 

Legg til i min rapport

Avisa si samfunnsrolle

Reiseliv

Turisme og reiseliv er ei stor næring i indre Nordfjord. Planane og og etter kvart vedtaket om å byggje gondol frå fjorden i Loen til fjellet Hoven 1.008 meter over havet representerer den største enkeltståande investeringa innan utandørs turisme i Nordfjord. Utbygginge vert gjort for å tilby heilårs turisttilbod i fjellet, med turstiar og via ferrata sommarstid og skiturisme vinterstid. Investeringa er unik i nasjonal målestokk og set Loen og Stryn på kartet også internasjonalt. Då planane vart lanserte vart dei møtt både med entusiasme og skepsis lokalt. Fjordingen gjekk ut på leiarplass og støtta opp om prosjektet kort tid etter at forprosjektet var gjort offentleg. Gondolprosjektet vil vere med på åå utvikle regionen som turistdestinaasjon, og vil få store positive ringverknader i form av auka trafikk og omsetjing i eit større omland.

Helse

Manglande avklaring mellom helseføretaka gjer at pasientar frå indre Nordfjord må bryte regelverket for å nytte seg av næraste akuttsjukehus som ligg i Volda. Etter at akuttberedskapen vart avvikla ved Nordfjord sjukehus er Førde sentralsjukehus akuttsjukehuset for heile fylket. Men etter opninga av Kvivsvegen i 2012 har Volda sjukehus kome betydeleg nærare. I dag er det 25 minutt køyring mellom Hornindal og Volda, medan køyretida Hornindal-Førde er over to timar. Like fullt meiner Helse Førde at akutte pasientar i hovudsak skal velje Førde og ikkje Volda som ligg i nabohelseføretaket.

Sjukehusforkjemparar og lokalpolitikarar i Nordfjord har kjempa for å få til eit samarbeid mellom helseføretaka som set pasienten sitt beste i fokus. Etter at helseministeren la fram forslag om å avvikle akuttkirurgien i Volda, har støtta frå Nordfjord blitt endå større. I november 2015 stilte oppimot 10.000 menneske opp i fakkelmarkering ved Volda sjukehus. Mange av de ifrå Nordfjord. I ettertid har ordførarane både i Stryn og Hornindal kravd samarbeidsavtale mellom helseregionane som gjer at Nordfjord kan nytte Volda som akuttsjukehus. Fjordingen har tona flagg og stilt tilsvarande krav på leiarplass. 

Kommunestruktur

Regjeringa vil redusere tal kommunar i landet og kommunestruktur har av den grunn vore eit viktig spørsmål også i indre Nordfjord. Mange har vurdert samanslåing med kvarandre. Før jul møttest kommunane Stryn, Hornindal, Volda og Ørsta for samtaler om mogleg samanslåing over fylkesgrensa. Dette vert sett på både som interessant og realistisk som følgje av Kvivsvegen som opna 2012. Det nye vegsambandet kortar ned avstanden mellom indre Nordfjord og søre Sunnmøre dramatisk og gjer heile området til ein ny bu- og arbeidsregion. Dei fire ordførarane gjorde i desember møteavtale med kommunalministeren i januar 2016 for å avklare eventuelle problemstillingar ved å slå saman kommunar over fylkesgrensa.

Asylmottak

Som følgje av auka tilstrøyming av flyktningar vart det mot slutten av 2015 etablert nytt statleg flyktningmottak i Stryn. Lokalsamfunnet har stilt seg positive til mottaket og teke godt i mot flyktningane. For kommunen var det likevel svært vanskeleg å få nok og tidleg informasjon om planane frå dei som skulle etablere mottaket. For ordføraren var dette lite tilfredsstillande, ettersom kommunen er ansvarleg for å levere tilbod innan både helse og skule.

Avisa som talerør for – og kritisk medspelar til ein positiv utvikling lokalt og regionalt

Temaene kommunestruktur, helsetilbod over fylkesgrensa og asylmottak er berre tre av mange tema der avisa har teke og tek ei aktiv haldning på leiarplass. Vi utfordrar maktapparatet opp til statsrådnivå for å påverke politiske prosessar i rett retning for Nordfjord. Eitt viktig døme er kampen for å nytte Volda som næraste akuttsjukehus. Sjukehuset ligg betydeleg nærare Nordfjord geografisk enn Førde sjukehus i eige helseføretak. Fordi Volda sjukehus ligg i Helse Midt, får ikkje nordfjordigane bruke Volda som akuttsjukehus. Kampen om fornuftig og logisk bruk av offentlege tenestetilbod - uavhengig av fylkes- og helseføretaksgrenser - er ein viktig del av dagsorden for ei lokalavis i grenseland mellom to fylke. 

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

• Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.
• Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.
• Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.
• Meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.
• Stort og kontinuerleg fokus på forholdet papir/nett, og med endå meir nyheitsfokus på nett etter at avisa reduserte tal papirutgåver frå tre til to i veka.

Etikk

• Avisa har sterkt fokus på etikk og er bevisst på same norm og etiske standard både i papiravis og på nett.

Gudvalds julekalender
Legg til i min rapport