Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling,såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 ab. Nå er Fjuken inne i sitt 28. år, har sjølveigd avishus, eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3700 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".

 







Fakta
Samlet opplag - Les mer 3674
Ikon
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Asta Brimi (61)
Kommer ut Torsdagar
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
9185
Fordeling lesere
Antall sider produsert 1692
Redaksjonelle årsverk 5
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 48
Antall leserinnlegg 156

Mål og prioriteringar

Fjuken er lokalavisa for kommunane Lom, Skjåk og Vågå, og har som hovudmål å vere limet og lupa i dei tre kommunane. Fjuken skal spegle lokalsamfunna på godt og mindre godt.  Vi skal skrive om det som opptek lesaren vår, vi skal vere kritiske når det er naudsynt, men framfor alt syne fram alt det positive som skjer i bygdene. Vi skal  syne fram  kulturlivet, det friviljuge organisasjonsarbeidet, vi skal ha ungdomsstoff som gjer at dei yngre lesarane våre finn Fjuken interessant og gjer dei samfunnsengasjerte, og vi skal vere ein arena for meiningsytringar, både på redaksjonell plass og i lesarbrevspaltene.

I  2015 har Fjuken i tillegg til papiravis, laga nettavis. Den oppdaterar vi ofte, og får på den måten ut dei raske nyheitene. Denne sida er også linka opp mot ein facebookprofil for Fjuken, og her er det stort engasjement kring dei sakene som Fjuken skriv om. Vi har også annonser på nett. Rett nok ikkje i stort omfang enno, men vi satsar på at dette vil endre seg i tida framover.
Saker som har vore på nettsida vår lagar vi mindre eller med ein annan vri, i papiravisa. I tillegg til Fjuken sender vi også ut tre magasin i året; vinter, sommar og haust. Desse går til samtlege husstandar i kommunene Vågå, Lom og Skjåk, i tillegg til alle hytteeigarar i området. Dette er redaksjonelt gode magasin i kombinasjon med lokale annonser. Juleavisa vår i 2015 var på 76 sider, påskeavisa på 80 sider.

Under Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte i Trondheim i april 2015 vart Fjuken tildelt heiderleg omtale i konkurransen Årets lokalavis. Dette var ei stor oppmuntring og ei verdsetjing av arbeidet vi gjer.

Fjuken har som resten av medie-Noreg merka at det er ei vanskelegare annonsemarknad om dagen. Likevel er vi bra nøgde med året 2015. Vi har ei annonsesamkøyring (Dølasamkøyringa) med avisene Dølen på Vinstra, Vigga på Dombås og Norddalen på Sel. Denne kanaliserar bra med inntekter til alle fire avisene. Talet på abonnentar har vore stabilt, med berre ein nedgang på to eksemplar.

Legg til i min rapport

Avisas samfunnsrolle

- Avisa har svært god lesarkontakt, Fjuken er fyrstevalet torsdag når den kjem i postkassene, og vi får mange gode tips og attendemeldingarfrå lesarane våre.

Dette året  har vi mellom anna skrive om :

- Foreldreopprør i Lom
Småbarnsforeldre finn seg ikkje i at ungane deira skal gå i barnehage i Garmo.
- Vil ikkje reklamere for Galdhøpiggen
Nasjonalparkriket Reiseliv As vil ikkje marknadsføre Lom kommune frå og med 1. januar 2016
- Rulleskiløype til to millionar
Lalm Idrettslag planlegg å byggje to kilometer lang rulleskiløype til ein kostnad på vel to millionar kroner.
- Mirkakeljenta Henriette
Solskinshistoria om den alvorleg kreftsjuke toåringen Henriette Båtstad i Vågå.
- Historisk 21- åring
21 år gamle Brit Holø frå Skjåk er nyvalt leiar i Skjåk Senterparti. Ho er den yngste leiaren i partiet si 100 årige historie.

I tillegg har vi dette året, i samarbeid med lokal sparebank og lesarane våre, kåra Årets Ottadøl. Vedkomande får 10.000 kroner på konto, diplom og bilete i lokalavisa. i 2015 vart dette eldsjela Rune Borgar Isaksen frå Lalm.

Årets meste leste saker

1. Fann dynamitt på hytta - 71818 sidevisningar

2. - Nå er det nok - 7155 sidevisningar

3. Besseggen - ikkje for alle - 6450 sidevisningar

4. Highasakite «opnar» dramaserie - GAMAL NETTLØYSING - 6231 sidevisningar

5. Tusenvis av liter øl i grøfta - 6189 sidevisningar

6. Fann sakna skiløparar på pub - GAMAL NETTLØYSING - 5811 sidevisningar

7. Lomvær intervjua Northug før femmila (video) - GAMAL NETTLØYSING - 5750 sidevisningar

8. Skal styre Vågå - 4992 sidevisningar

9. Fann mystisk papirlapp i døra - GAMAL NETTLØYSING - 4802 sidevisningar

10. Brannen er sløkt - GAMAL NETTLØYSING - 4569 sidevisningar

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

Vi  set av ein arbeidsdag kvar månad der vi evaluerar, legg planar og har idemyldring. Dette har vi funne ut er meir nyttig for oss enn redaksjonsmøte kvar veke. Vi deltek også i avisfaglege konkurransar i regi av Landslaget for lokalaviser (LLA) og får evaluert avisene våre der. Vi deltek også på kurs i regi av LLA og NJ. Elles har vi heile tida fokus på å skrive godt nynorsk, og  redaktøren les korrektur på kvar avis. 
Konkurranse med lokalavisa Norddalen i Vågå gjer situasjonen for journalistane der spesiell, og vi har heile tida fokus på å presentere gode nyheitssaker, enten på papir eller nett, og tykkjer det er gjevt når vi er før både den andre lokalavisa og regionavisa GD. 

Etikk

Vi held den etiske standarden i avisa svært høgt. Det er alltid ei utfordring å vere lokalavis i små samfunn der vi kjenner stort sett dei fleste av dei vi skriv om. Det gjer at vi må vere svært medvetne på det vi skriv, og tenkje  både med hovudet og med hjartet i mange situasjonar. Leiaren i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum var på Fjuken og heldt kurs i etikk med oss i september.
Ingen saker til PFU  i 2015

Asta Brimi,

redaktør/dagleg leiar.

Legg til i min rapport