Møre-Nytt

Møre-Nytt held til Ørsta, og dekkjer Ørsta og Volda kommunar. Møre-Nytt vart etablert i 1935 med papiravis, og kom med nettavis hausten 2011. Det var ei av dei fyrste betalingsavisene for nett i landet. I mars 2014 avvikla vi ordninga med betalt innhald, og nettavisa vart gratis. 2015 vart prega av mykje produktutvikling, og der vi særleg hadde eit lyft på nett.





Fakta
Samlet opplag - Les mer 4842
Ikon
Utgiversted Ørsta
Ansvarlig redaktør Rune Sæbønes (52)
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag.
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
10000
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
3000
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
5000
Fordeling lesere
Antall sider produsert 3868
Redaksjonelle årsverk 6
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 50
Antall leserinnlegg 400
Klagesaker til PFU 0

Mål og prioriteringar

For Møre-Nytt er det avgjerande viktig å vidareføre den tette lesarkontakten vi har. Det vil mellom anna seie å vere til stades i lokalmiljøet. Samstundes ynskjer vi å vere gode på fleire plattformar.

Etter omlegginga av papiravisa i 2014, vart det ei ekstra satsing på nett i 2015. Det gav vesentleg høgare lesartal. Vi hadde fleire eksplisitte nettsaker, og arbeidde også ein del med frontredigeringar.

I 2015 var det også viktig for oss å medverke på ein god måte i kommunevalkampen gjennom kritisk og sakleg dekning av det politiske livet i kommunen.

Årets mest sette videoar:

1. Kjellen – No også som lærar

2. Her har dei funne paradiset

Mest leste nettsaker:

1. Kjellen – No også som lærar

2. Anna Linnea (7) klaga til fylkesmannen

3. Her er det nye kommunestyret

4. Kreftsjukdomen var inga hindring for Bente

5. Otto-Jarle rettar bulkar med genial metode

6. Sjå alle eigedommar som er selde sidan i fjor

7. Brann i bustadhus

8. «Eg viser til dykkar svar, av den fjerde februar»

9. Teken for å ete kjeks medan han køyrde

10. 19-åring opnar butikk i Ørsta

 

Legg til i min rapport

Samfunnsrolla til avisa

2015 vart året der Møre-Nytt igjen spelte ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Ei viktig sak for oss vart opprustinga av Ørsta sentrum. Der tok vi initiativ til å lage ei sak om at sentrumsområdet var i forfall. Dette medførte eit utruleg engasjement, der Møre-Nytt gjennom sin journalistikk sette dagsorden. Frivillige einskildpersonar, lag og organisasjonar, næringsliv og kommune gjekk saman i ein storstilt dugnad for å ruste opp sentrum. Det vart rydda, måla og snikra. Resultatet vart eit sentrum som tok seg mykje betre ut i løpet av sommaren.

Ein del av sentrumsopprustinga var også det langsiktige arbeidet med ein internasjonal arkitektkonkunkurranse, Europan, der Ørsta var deltakar. Det vart levert om lag tjue bidrag i konkurransen, og Møre-Nytt presenterte alle bidraga, slik at konkurransen skapte eit folkeleg engasjement.

Eit kommuneval er alltid viktig, og i 2015 dekte Møre-Nytt valkampen grundig både på papir og nett. På nett satsa vi på ein presentasjon av alle ordførarkandidatane med videointervju. Debatten gjekk grundig i spaltene, og mykje av debattane kom på grunn av saker som Møre-Nytt presenterte.

Møre-Nytt dekkjer eit område der landbruksnæringa står sterkt. Difor vart vi med både på saueslepp i fjellet og på sauesanking. Vi skreiv saker om unge gardbrukarar som satsa store beløp på nye driftsbygningar. Næringslivet elles vart også dekt grundig med bedriftspresentasjonar.

Arbeidet med kommunereform vart også viktig, og er eit arbeid som vert vidareført i 2016.02.09.

Møre-Nytt kjem ut i eit område med eit mykje friluftsliv. Naturen lokkar fleire turistar. Difor vart det satsa på Friluftslivsåret 2015 med eigne videoar, og det vart fortalt om trimturar og bygging av stiar.

Og som vanleg vart det viktig å vitje kvar ei bygd og kvar ei grend i samband med ymse hendingar. Her kan vi verte endå flinkare. Kulturlivet vert skapt på dei små forsamlingshusa, og det er ei formidabel oppgåve å dekkje dette.

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

Møre-Nytt har ein redaksjon samansett av redaktør og fire journalistar i tillegg til ein deskmedarbeidar. Alle medverka til både papirravis og nettavis.

Mykje av den journalistfaglege utviklinga handlar om transformasjonen frå papir til nett.  I 2015 prioriterte vi å heve det journalistiske produktet med å ha saker som engasjerer, både på pair og nett. Sentrumsopprustinga er eit godt døme på det.

Etikk

Møre-Nytt legg Ver Varsam-plakaten til grunn for det etiske arbeidet i avisa. Avisa vart ikkje innklaga for Pressens faglege utval (PFU) dette året.

Rune Sæbønes

ansvarleg redaktør

Legg til i min rapport