Sunnmøringen

Sunnmøringen kom første gong ut på Stranda 16. mai 1946. Avisa dekkjer først og fremst Geiranger, Hellesylt/Sunnylven, Liabygda og Stranda. Trass i ei stadig større vektlegging av nettavisa, er den redaksjonelle staben på same storleik som då Sunnmøringen berre var ei papiravis: To journalistar og ein redaktør/dagleg leiar. Sidan marknadskonsulenten, som også produserte annonser, slutta i desember 2014, har desse tenestene vore kjøpt i høvesvis Sunnmørsposten og Fjordingen. Sunnmøringen har frå årsskiftet 2014/2015 berre hatt tre tilsette. Medan papiropplaget har gått ned, er det fleire digitale abonnement. Nettsida har i 2015 hatt ein auke på kring 80 prosent talet på unike brukarar og sidevisningar samanlikna med året før. Mobil er no den klart største eininga.

Fakta
Samlet opplag - Les mer 1742
Ikon
Utgiversted Stranda
Bilde av redaktør
Ansvarlig redaktør Bjørn Arild Hatlem (54)
Kommer ut Onsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
Daglige lesere totalt
4500
Daglige brukere på mobil
Daglige brukere på mobil
434
Fordeling lesere
Antall sider produsert 1536
Redaksjonelle årsverk 3
Fordeling stoff/annonser
Antall lederartikler 37
Antall kommentarer 2
Antall innlegg på nett 2
Antall leserinnlegg 135
Klagesaker til PFU 0

Mål og prioriteringar

Sunnmøringen skal vere først og best på det som skjer i Stranda, eller har nær tilknyting til kommunen. Det gjeld viktige nyhende innan politikk, næringsliv, organisasjonsliv og kultur. Superlokale, mindre hendingar, og møte med eldsjeler og andre enkeltmenneske som har noko vesentleg å formidle, er også verdfullt for ei lokalavis. Skal folk halde seg orientert om lokalsamfunnet, må ein følgje med i lokalavisa.

Artiklar som engasjerer barn og unge er sentrale for å skape og halde ved like interesse for både papirutgåva og nettavisa. Alle generasjonar skal føle at dei får noko som gjer Sunnmøringen verdfull for dei.

 

Legg til i min rapport

Samfunnsrolla

Sunnmøringen følgjer tett det som skjer i politiske møte og vedtak i ulike organ. Kommunestyremøta blir overført på direkten, og både på nett og i papiravisa kan ein lese om viktige avgjerder og ordskifte.

Tett og god økonomisk styring er nødvendig for ein Robekkommune i særklasse. Lokalavisa heiar fram det som er spennande, positivt og flott i lokalsamfunnet på ein måte som kan gjere strandarane stolte av kommunen sin. Skal heilskapsbildet som blir formidla vere truverdig, må det også vere ei uredd formidling av kritikkverdige forhold. Det skjer når det gjeld både bedrifter og kommunal verksemd.

Når private bedrifter bryt lova, er det naturleg at dette kan vere framsidestoff i Sunnmøringen. I staden for å drive sensasjonsmakeri, prøver avisa å fortelje balansert om faktiske forhold. Dette har likevel ført til tapte annonsekroner og abonnement.

Når kommunen tabbar seg ut når det gjeld anbod og utbyggingssaker, må det kome tydeleg fram. Det same gjeld lukking av møte og tilbakehalding av dokument som bør vere offentleg tilgjengelege. Derfor har avisa klaga både til kommunen og til Fylkesmannen i fleire konkrete saker. Forholda har også vore omtala kritisk i spaltene.

Sunnmøringen har i 2015 gong etter gong informert innbyggjarane om kommunereforma og ulike lokale alternativ. Trass i at dette er ei reform som kan få store følgjer for framtida, har Stranda kommune ikkje arrangert eit einaste folkemøte om temaet. Politikarar og administrasjon har deltatt i mange møte, men utan lokalavisa hadde lite informasjon nådd ut til folket.

Kommune- og fylkestingsvalet, og til dels også kyrkjevalet, vart dekka. Blant anna var det ymse intervju i tillegg til skriftleg utsendte spørsmål til alle politiske parti som stilte til kommunevalet.

Når det gjeld politiske saker var utbygginga av industriområdet Svemorka, og tilrettelegging for Orkla sitt nye fryseri og lefsebakeri ein gjengangar i fjor. Store kommunale låneopptak, strid om anbod og Orkla si investering til 180 millionar kroner gjorde dette til eit viktig område å følgje og informere om.

Sunnmøringen har som mål å bli endå betre og meir systematisk på næringslivsdekning. Vidare er det eit mål å gje lesarane større innblikk i det som skjer i politiske organ og i administrativ forvaltning. Det er også ei utfordring å bli flinkare til å kome tett på både kjende og mindre kjende menneske med historier som er relevante for lesarane av lokalavisa.

Årets ti mest lesne saker:

1. Væpna aksjon på Stranda

2. Senterpartiet størst i Stranda

3. Jubileumsfesten er avlyst

4. Tusen bilar på Strandafjellet

5. Geirangerfjellet og Trollstigen opnar

6. Byggjer hyttedraumen i Andersgrenda

7. Opnar kortvarig kafe

8. Vil granske «gullbryllaup»

9. Fekk audiens hos Kongen

10. Grenser for å miste førarkortet

Mest sette videoar:

1. Geirangerfjellet og trollstigen opnar

2. Stranda Fjord Trail Race

3. Sofie Helene Ryste syng jula inn i Stranda kyrkje

4. Raset på Ørnevegen

5. Brann i turbuss på Stranda

6. Kyrkjelyden klappar, svingar, nikkar og bukkar

7. Ordførar jan Ove Tryggestad i kokkekamp under Strandadagane

Legg til i min rapport

Journalistfagleg utvikling

Redaksjonen i Sunnmøringen har i starten av året fått opplæring og fordjuping i nettpublisering, bruk av sosiale media og planlegging/skriving i Saxo. Elles er det jamleg evaluering internt i redaksjonen. Journalistane som var vikarar ved starten av året, fekk begge fast tilsetjing i løpet av første halvår. Og det er naturleg å tenkje meir kurs og utvikling i det nye året.

Etikk:

Det har ikkje vore nokon PFU-sak for Sunnmøringen dette året, sjølv om ein lesar truga med å klage inn avisa, viss han ikkje fekk lesarinnlegget sitt på trykk. Frå tid til anna dukkar det opp etiske spørsmål der redaksjonen treng diskutere grundig internt, eller søkje råd utanfor huset. Til dømes har det vore saker av offentleg interesse som er vanskeleg å finne måtar å omtale på utan å identifisere personar, eller at det kan gå ut over familien til vedkomande.

Legg til i min rapport